Interessante utfordringar for færøysk petroleumsversemd


 

Olav Akselsen

olje- og energiminister

Færøyane er i dag på mange måtar i same situasjon som Noreg var i for om lag 40 år sidan. De er no i ferd med å gjennomføra dykkar første konsesjonsrunde, og resultata frå denne kan få avgjerande følgjer for utviklinga på Færøyane.

Ved utgangen av 1950-åra var det svært få som trudde at havbotnen utanfor norskekysten inneheldt olje- og gassrikdomar. Gassfunnet i Groeningen i Nederland i 1959 førte til geologisk nytenking kring petroleumspotensialet i Nordsjøen. I 1965 blei den første norske konsesjonsrunden lyst ut. Utanlandske oljeselskap dominerte leiteverksemda i startfasen og sto for utbygging av dei første olje- og gassfelta på den norske sokkelen.

Dei utanlandske oljeselskapa var tiltenkte ei viktig rolle også på lang sikt, men det blei lagt stor vekt på å byggja opp eit norsk oljemiljø.

I løpet av dei 10 siste åra har det vore ein stor auke i den norsk olje- og gassproduksjonen, og vi er i dag den tredje største oljeeksportøren av råolje, etter Saudi-Arabia og Russland.

Petroleumsverksemda utgjer difor ein viktig del av norsk økonomi og har i stor grad medverka til utviklinga av det norske velferdssamfunnet. Den største og viktigaste utfordringa vi står overfor når det gjeld verksemda på norsk kontinentalsokkel, er å vidareutvikla og styrkja konkurransekrafta på sokkelen. Utan ein konkurransedyktig kontinentalsokkel vil vi ikkje kunne sikra ei fullgod ressursforvalting. Det vil også redusera dei samla statlege inntektene.

I den seinare tida har dei internasjonale oljeselskapa fått tilgang til petroleumsressursar i land som ikkje tidlegare var tilgjengelege for dei. Samstundes har ein sett endringar i selskapsstrukturen, mellom anna ved at fleire av dei stor oljeselskapa og leverandørselskapa har gått saman til større einingar. Ein har også over tid opplevd ein trend der tidlegare statseigde oljeselskap er blitt privatiserte. Sjølv om desse utviklingstrekka kan påverka aktivitetsnivået og effektiviteten i norske område, er det grunn til å tru at det avgjerande for oljeselskapa si interesse er at lønsemda i dei aktuelle leiteområda er tilfredsstillande.

Det er med stor interesse eg følgjer utviklinga av petroleumsverksemda på Færøyane, og tilhøva burde liggja vel til rette for eit industrielt samarbeid mellom Færøyane og norske oljeselskap og leverandørindustri. Eg håper at den første konsesjonsrunden vil leggje eit godt grunnlag for petroleumsverksemd på Færøyane, og at det opne og nære samarbeidet mellom norske og færøyske styresmakter vil halde fram.